Avskjed med Monica

Det er rart med det, jeg har kritisert Monica Mæland så glosene spretter, mang en gang. Men nå når hun forlater oss for å bli minister, så blir jeg rent vemodig allikevel. Så da måtte jeg forfatte et lite avskjedsdikt til henne.


Og byen vart så stille
og dagen vart så matt
lat tunge tårar trille:
Monica har dratt!
Frå Dreggen og til Marken
ligg ei klam, usynleg hand
Og duene i parken
går med sorte sørgeband

Då spirer det ein kime
mot blygrå morgongry
i denne stille time
så ser eg deg på ny
Ser soldråpane kransa
ditt glade, ljose hår
Høyrer fløytetonar dansa
når du lattertrillar slår

Det er så djup ein lønndom
berre meg og deg veit om:
Me finn kvarandres hender
i sjelens møterom
I draumens korridorar
diskuterar vi budsjett
i tankens blå kontorar
går praten lyst og lett

Du spør meg om votering
eg legg fram ein strategi
om park- og veiplanering
som du er enig i
Å, Monica! Lat skina
ditt smil, din lått så kvikk
no sit vi i kantina
med samanfletta blikk

Det er dei dulgte lender
berre du og eg veit om
når hender søker hender
i draumens møterom

Når sorg og saknad bit meg
blir eg lett som fløteskum
for då blundar eg, så sit eg
i draumens møterom

Der kor tankane får spinne
Kor du stryk meg over kinnet
Me har kveldsarbeid her inne
i draumens møterom

Bookmark the permalink. Follow any comments here with the RSS feed for this post.
Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *